Olagarden ligg i hjartet av bygda Tafjord, innerst i Storfjorden, om lag 40 km frå Geiranger og 90 km frå Ålesund. Fjorden og fjella rundt Tafjord tilhøyrer UNESCO si verdsarvliste over vestnorske fjordlandskap, og moglegheitene for naturopplevingar i området er mange. Er du ute etter stille turstiar, toppturar til fots eller på ski, fiske i fjorden, rafting eller berre eit roleg og avslappande miljø, vil du finne det i nærområda til Olagarden.

Olagarden                                                                Olagarden har sengeplassar til 8, to moderne bad og ein liten restaurant som fokuserer på norsk tradisjonsmat. Kjøkkenet likar kortreist mat, og nyttar frukt, grønsaker og kjøtprodukt frå lokale gardar.

 

Vi vil gjere vårt beste for å gje deg eit minnefullt opphald.